Aktivitetar

Bilde av to som går på ski i fjellet Strind Gard er i dagleg drift med sauehald. Til vanleg er det sau, høner og hest på garden heile sommaren. Stor og triveleg plass ute med stolar, bord og grill der du kan oppleva fosseduren av bekken som rennn forbi med friskt fjellvatn.

Vi ligg midt mellom fem nasjoalparkar og har landets høgste fjell med Galdhøpiggen i vårt nærområde. Rik fjellflora. Lom har variert aktivitetstilbod, sjå våre linker.
Vi kan hjelpa til med planlegging av fjellturar og iblant kan vi bli med på tur. Det er mogleg med skogsturar og fjellturar med utgangspunkt frå garden. Kort og bratt tur opp til fossane i bekken som kjem ned ved garden.

Med utgangspunkt i Lom er det mange moglegheiter for dagsturar med bil. Det er berre ca. 2 timar til vestlandets fjordar med bl.a. Geiranger. Turen opp Bøverdalen og vidare over Sognefjellet (landets høgste fjellovergang 1.432 m.o.h.) bør alle få med seg.

Vil du overnatt hos oss?

Vi har flere forskjellige alternativer for overnatting, fra gamle tømmerhus til mer moderne hytter.